Snart blir det komlemiddag og softis laga på solkraft i Tommy’s kjøkken

Eigaren av Sokn camping investerer 600.000–700.000 kroner i solceller på taket til restauranten Tommy’s kjøkken. Snart blir det både komler og softis laga på solkraft.

Eigaren av Sokn Camping, Frode Steine og Tommy Ditløvsen gler seg til å kunna servera komler og softis på solkraft om ikkje så lenge.
Publisert: Publisert:

SOKN: Med dagens straumprisar kan det vera nedbetalt i løpet av 6–7 år.

-Me hadde tenkt å installera solceller på taket då me pussa opp restauranten for nokre år sidan. Men då svarte det seg ikkje. Men med dagens støtteordningar frå Enova pluss dei høge straumprisane går reknestykket opp, seier Frode Steine til Øyposten.

Det er han som eig Sokn Camping og den tilhøyrande restauranten.

Softis og komler laga av solkraft

Også Tommy Ditløvsen, som driv restauranten, er begeistra for tiltaket.

-Forhåpentligvis blir dette veldig bra. Det vil kutta straumrekninga kraftig, seier Ditløvsen, som ser fram til å servera komlemiddagar og fiskesuppe laga på straum frå sola. Til sommaren blir det også softis laga av solkraft.

200 kvadratmeter av taket skal dekkast av solceller, så og seie heile taket på restauranten, bare på taket mot nord blir det ikkje montert solceller. Det er firmaet Rennesøy Elektro som monterer panela, og Pål Eivind Dalaker frå firmaet opplyser at det er stor interesse for solceller for tida.

-Me kunne bare jobba med dette, men me må ta andre oppdrag også. I tillegg til Tommy’s kjøkken leverer me også solpanel til to driftsbygningar på Mosterøy, opplyser Dalaker.

Pål Eivind Dalaker (t.v.) og Terje Wathne i gang med å gjera klar for montering av solpanel på taket av Tommy’s kjøkken på Sokn.

Får 45 prosent av Enova

Då dei gode tilskotsordningane frå Enova kom på bordet i fjor haust, og straumprisen gjekk i taket, var beslutninga om å investera i solpanel enkel, ifølge Frode Steine.

-Straumrekninga blei tre-firedobla hos oss, som hos mange andre. Nå får me heller ikkje straumstøtte, legg han til.

-Me frå 45 prosent støtte til investeringa, og viss straumprisen held seg på eit par kroner vil me spara rundt 70.000-80.000 kroner i året i utgifter til straum. Det betyr at anlegget kan vera nedbetalt i løpet av seks-sju år, seier Frode Steine.

Han reknar med at solpanela vil på årsbasis vil produsera omlag 38.000 kilowattimar, og dekka rundt 30 prosent av årsforbruket i restauranten.

Han planlegg også å bruka «det grøne skiftet» i aktiv marknadsføring av restauranten. I tillegg til restauranten vil også bobilar få nyta godt av straum produsert frå sola.