Grieg-sjefen på Finnøy er veldig spent på lakseskatten
Forslaget til lakseskatt har frose investeringar på 35–40 milliardar kroner i distrikta. Grieg Seafood er blant selskapa som har lagt investeringar på is i Ryfylke.
FINNØY: -Me er veldig spent på kva regjeringa kjem med, seier regiondirektør Nina Willumsen Grieg til Øyposten.
-Eg håpar regjeringa har lese grundig dei 400 høyringssvara som er komne inn, for der er det mange gode forslag, understrekar regiondirektøren i Grieg Seafood på Finnøy.
Ho legg til at forslaget til grunnrenteskatten, populært omtalt som lakseskatten, ikkje er nøytral, slik regjeringa hevdar.
-Me er ikkje mot å betala proveny av overskotet vårt, men det er viktig at skatten treff rett. Også me har måtta leggja investeringar på is, mellom anna i Ryfylke. Om dei er skrinlagt for godt vil tida vise, seier Nina W. Grieg.
Mellom anna set Grieg Seafood Rogaland «havbruk til havs»-anlegget Blu Farm på is etter regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt. Konseptet, som har ei investeringsrame på 750 millionar kroner, skulle byggja på verdensleiande offshore-kompetanse i Rogaland og videreutvikla teknologi frå petroleumsnæringa mot framtidig bærekraftig havbruk til havs.
Mandag hadde opprettselskapet besøk frå KrF i regionkontroet på Finnøy.
Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad er sterkt bekymra for kva regjeringa kjem med.
-Skatten som er foreslått må vel vera så langt frå Senterpartriet sin politikk som mulig, meiner han.
-Den rammar arbeidsplassar i distrikta, mellom anna her på Finnøy og i Ryfylke. Det er gjort eit elendig politisk handtverk i denne saka, det slår heilt feil ut, det kan føra til at arbeidsplassar flyttar til utlandet, hevdar Ropstad.
-Er KrF imot grunnrenteskatten?
-Me ser at næringa har veldig god avkasting, og noko meir skatt vil også me gå inn for. Det er også noko næringa kan akseptera. Men det er veldig sjeldan eit skatteforslag, som det regjeringa har foreslått, skaper så stort engasjement, seier Kjell Ingolf Ropstad.
Det er varsla at regjeringa kjem med sitt opplegg for grunnrenteskatten i løpet av mars, kanskje alt på fredag.