Trafikkvakt Georgi Iverieli ved tunnelinnløpet på Hanasand måndag morgon. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Me ventar på at den første arbeidsmaskina skal køyre inn i tunnelen, så startar me kolonnekøyring, seier trafikkvakt Georgi Iverieli til Øyposten litt før klokka ni måndag morgon.

Finnfast skal vaskast igjen. Frå åtte om morgonen til åtte om kvelden frå måndag til fredag denne veka blir det trafikkdirigering. Det blir kolonnekøyring frå alle tre sider av tunnelen; Hanasand, Ladstein og Talgje.

Sist Finnfast blei vaska var første veka i juni.

Statens vegvesen melder òg at det går føre seg vegarbeid i Byfjordtunnelen denne veka, men her blir det manuell dirigering og ledebil berre om natta; frå ti om kvelden til seks om morgonen.