Fann avkappa dyrehovud på leikeplass

Politiet kan melde om ingen saker i helga, men litt dramatikk var det i veka som var.

Publisert:

Onsdag 13. september fann nokre barn eit avkappa rådyrhovud på ein leikeplass nær Skorpefjell på Mosterøy.

– Det er mykje som tyder på at dette var utført av menneske, melder politikontakt Svend Erik Ellingsen.

Han legg til at viltnemnda blei varsla og fekk ansvar for å fjerne hovudet på leikeplassen.

Elles blei det måndag kveld sist veke meldt om ny ku i Byfjordtunnelen. Tunnelen blei stengd og eigar varsla. Eigar kom sjølv til staden for å fjerne kua frå tunnelen.

Kart som viser Skorpefjell på Mosterøy:

Publisert: