Klar melding til øybuane frå gutta på miljøstasjonen
Kor skal du kaste det og det? Det bør du tenke på før du køyrer lasset ditt til Judaberg gjenvinningsstasjon.
– Eg har ei klar melding, seier driftsteknikar Audun Nordbø på Judaberg gjenvinningsstasjon:
– Sorter så godt du kan heime før du kjem hit med lasset dit, så slepp du å stå i ein time og halvannan ute på plassen her og skape kø for andre.
Trikset er å samle metall i ein krok, papp i ein annan krok, plast i ein tredje og så vidare før du køyrer ned til miljøstasjonen på Fåholmen.
Pendlar frå Kvitsøy
Øyposten var innom onsdag 6. september. Onsdagar er det to karar frå Kvitsøy som driv denne stasjonen; Audun Nordbø og kompanjong Sven Arild Hauge.
– Eg er hyra inn av Ivar. Eg har fått med meg Sven Arild, for reglane krev at me er to, seier Nordbø.
Ivar er det interkommunale selskapet for vann, avløp og renovasjon eigd av tolv kommunar i Stavanger-regionen. Audun Nordbø har eit eige firma, Audun Nordbø AS, som driv med graving og hageservice på Kvitsøy. Ein dag i veka er han altså på Finnøy for å gjere andre ting.
– Folk er stort sett sosiale og imøtekomande her. Det er mykje fine folk på Finnøy, seier Nordbø.
Særleg i sommarsesongen er det stor pågang, med alle hyttefolka, fortel dei. Då kan det vere fullt køyr frå eitt til sju.
Glass og metall
Øyposten lurar på tre ting: 1. Korleis er opplegget for sortering av glas og metallemballasje? 2. Korleis er det med utsortering av plast? 3. Når kjem eigne dunkar for hageavfall?
For å få svar ringer med assisterande avdelingsleiar Tord Tjelflaat i Ivar.
– Du kan godt legge både glas og metallemballasje i dunkane merka glas. Det beste er viss du skrur av korkar og lokk, så blir sorteringa i neste runde litt lettare, fortel Tjelflaat.
Utenfor gjerdet til gjenvinningsstasjonen står det nokre dunkar der det på ein står «glass og metall» medan det på ein annan står berre «glass». Men «glass og metall» gjeld eigentleg begge.
– Glaset går til selskapet Sirkel i Fredrikstad. Dei har eit stort anlegg som sorterer ut både jern og aluminium, seier Tjelflaat.
Viss du kastar eit metallokk i restavfallet skjer dette:
– Ettersorteringsanlegget vårt på Forus brann ned i fjor sommar. Eit nytt er klart tidlegast hausten 2026, så inntil vidare manglar me kapasitet på ettersortering, seier Tjelflaat:
– Restavfallet blir brent og energien omgjort til fjernvarme som varmar opp diverse bygningar på Forus-området. Me har ein magnet som kan ta ut jern, men den tek ikkje ut aluminium, så det er ikkje fullgodt.
Aluminium blir med i oska som blir deponert i Svaaheia deponi sør for Egersund.
To vegar for plast
Manglande ettersortering gjer òg at all plast som kjem inn i restavfallet inntil vidare blir brent. Trøysta er at plast har høg brennverdi.
– På gjenvinningsstasjonane våre kan du sorter ut plast. Då går det vidare til eit anlegg i Tyskland som sorterer og vaskar plasten og smeltar den om til eit plastgranulat, fortel Tjelflaat.
Kva som reint økonomisk er best av den eine eller den andre måten å handtere plast på, er eit komplisert reknestykke.
Ny dunk kjem
Siste spørsmål er om når det kjem eigne dunkar for hageavfall. Då må me spørje seksjonssjef Tor Larsen i Stavanger kommune.
– Innan mars neste år skal alle innbyggarar i Stavanger kommune som har hage få ein eigen 140 liter dunk til hageavfall, seier Larsen.
Tidlegare har matavfall og hageavfall blitt samla. Kommunen skriv dette om nyordninga på nettet:
«Begge disse avfallstypene er mer verd alene enn sammen. Matavfall går til produksjon av biogass, mens hageavfallet går til kompostering og blir til ny jord.»
Omløp i byttebua
Tilbake på gjenvinningsstasjonen på Judaberg: Her er det gratis å levere hageavfall, plast, glas og metall pluss kvitevarer, batteri, sprayboksar og oljerestar. For restavfall, papp, møblar og slikt kostar det 145 kroner per påbegynt kubikkmeter. Eventuelt kan du bestille gratis henting av grovavfall via nettsida hentavfall.no, ein teneste som òg gir rett til gratis levering.
Ein mulig bonus ved å svinge nedom stasjonen på Fåholmen er at du kan ta turen innom byttebua og finne fullt brukbare ting som andre har kvitta seg med.
– Me har ikkje så mykje her akkurat nå, men det kjem stadig inn ting, seier Audun Nordbø.
Me registrerer nokre fine glas, ei klokke, eit barnesete og ein terrassevaskar av noko slag. Ivar tek ikkje ansvar for kvaliteten, står det på eit skilt på utsida av bua.
Kart som viser gjenvinningsstasjonen på Judaberg: