Tre velta over bil i stormkasta på Halsnøy

Ei hundre år gammal eik måtte gi tapt for stormkasta på Halsnøy onsdag. På Skartveit velta ei stor kanelbjørk over ein bil.

Publisert:
Denne kanelbjørka velta over ein bil i stormkasta på Halsnøy.

HALSNØY: Eika stod mellom huset og løa til Sissel Marie Bjerga.

-Den velta om dagen onsdag. Det var store krefter i sving, for treet velta i motbakke, opplyser Bjerga til Øyposten.

På Halsnøy bles også ei stor kanelbjørk over ein bil i tunet til Anne Skartveit.

-Heldigvis hadde med den nye bilen trygt i garasjen. Dette var ein eldre elbil, som fekk nokre bunkar etter møtet med bjørka. Heldigvis landa ho ikkje på huset, seier Skartveit.

Ei staseleg eik, som stod mellom huset og løa til Sissel Marie Bjerga på Halsnøy, måtte gi tapt for vinden.

Det var onsdag formiddag at treet velta over bilen. I tillegg måtte også to andre tre på garden gi tapt for dei sterke vindkasta.

Elles er det ikkje meldt om store skader etter den kraftige vinden.

I turområdet Teigen bles det også over ende nokre store tre, men elles gjorde ikkje stormen store skader, ifølge Arild Flesjå.

Denne grana velta i stormkasta i Teigen på Finnøy.