Har funne gamle kokegroper
Fram til fredag skal arkeologar finkjemme eit område ved Nådå på Finnøy.
– Me har funne nokre kokegroper som me undersøker, seier arkeolog Ingvild Haraldsdatter Johns frå arkeologisk museum i Stavanger.
Denne veka jobbar ho og prosjektleiar James Redmond med utgraving på eit jorde der det er planlagt gang- og sykkelveg mellom Judaberg og Nådå.
På staden har Rogaland fylkeskommune frå før registrert ein holveg frå eldre jernalder, anslagsvis frå kring år 200 etter Kristus. Målet med utgravinga er å finne ut meir om rolla holvegar spela i samtida.
– Tidlegare er det undersøkt svært få holvegar i Rogaland. Arbeidet me gjer her gjer oss betre i stand til å forstå korleis slike vegar fungerte, seier prosjektleiar Redmond.
At dei har grave fram fleire kokegroper langs vegen, var ikkje uventa. Arkeolog Johns forklarar korleis kokinga fungerte:
– Kokegroper var stader der dei koka kjøt og fisk. Dei varma først steinar i eit bål og la dei varme steinane i ei grop. Så la dei på bark eller planter som isolasjon. Over isolasjonen la dei maten, så ny isolasjon og eit nytt lag med varme steinar. På toppen hadde dei torv.
Den arkeologiske utgravinga skal vere ferdig førstkomande fredag.
– Dette er ein nokså liten jobb, seier Johns.
Meir nøyaktige dateringar av kolrestene kjem seinare. Funna vil ikkje endre eller forsinke utbygginga. Arbeidet med å lage ein moderne gang- og sykkelveg kan gå som planlagt, får Øyposten vite.
Kart som viser utgravingsfeltet: