Fekk forbod mot å bruke denne hengaren

Torsdag kontrollerte Statens vegvesen lette køyretøy på Rennesøy.

Dårlege bremser gjorde at ein bilist måtte setje att denne hengaren på Rennesøy torsdag.
Publisert: Publisert:

Lette køyretøy og bilbelte var i fokus då Statens vegvesen rigga seg til på ein mobil kontrollplass på Rennesøy torsdag 30. november.

Vegvesenet fann følgjande manglar:

  • Ein sjåfør fekk gebyr for manglande beltebruk.
  • Eitt køyretøy fekk mangellapp for bremseskiver med meir enn 25 prosent rust.
  • Eitt køyretøy fekk teknisk mangella på for frontbøyle.
  • Ein tilhengar fekk bruksforbod på grunn av dårleg bremser.
  • Eitt køyretøy blei avskilta på grunn av manglande EU-kontroll.

Vegvesenet delte elles ut to gebyr for dekk under minstemål og tre gebyr for manglande vognkort.

Publisert: