FINNØY: - Det er ingen dramatikk i oppsigelsen. Heldigvis er det slik at ein kan sjølv velja når ein vil gi seg. No kjenner eg at tida inne for min del. Det betyr likevel ikkje at eg aldri meir skal jobba, for det håper eg verkeleg eg skal. Det er berre snakk om å trappa ned litt ned no, seier Goa som skal stå i jobben ut september.

Utretta mykje

Han har brukt åra i jobben godt. Sidan starten i 2017 har omsettinga auka kvart år. Alle kjøler og fryser er skifta ut til meir moderne og miljøvenlege. Den tradisjonelle butikkbeslysninga blei skifta ut med ledlys og ikkje minst fekk dei på plass sårt tiltrengte gjestebrygger utanfor butikken i fjor.

– Det har vore fem kjekke og innhaldsrike år på Judaberg. Eg vil berømma dei tilsette som har stått på og vore med for å få ting til. Eg kjem til å sakna den biten, men som sagt eg roer litt nå. Sist veke selde me huset på Randaberg og til hausten skal me inn i ny leilighet i byen, det gler eg meg til.

Leiar i styret i Coop Finnøy, Arne Bergøy, er i gang med å finna ein arvtakar.

– Eg håpar me er like heldige no som sist gong styret tilsette dagleg leiar. Det var eit godt val me gjorde for fem år sidan, ingen tvil om det. Me skulle gjerne hatt han lenger, men slik er det jo ein gong. Han kjem til å bli sakna. Heldigvis har Sven Inge sagt han kan hjelpa oss i ein overgangsperiode om nødvendig, seier Bergøy.