Ny skatebane på Finnøy: -Var her 9 timar i går

Den nye skatebanen på Judaberg slår god an hos unge på Finnøy. Bård Olsen og Håvard Moen var på banen ni timar torsdag.

Håvard Moen (t.v.), Bård Olsen, Leon Torger Flesjå Johansen, Jonas Skeiseid og Lukas Christophersen kosar seg på den nye skatebanen.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: -Det er kjempekjekt, seier gutegjengen me treff på den nye skatebanen på Judaberg.

Alle stiller med sparkesyklar for å boltra seg på den nye banen. Bård Olsen og Håvard Moen er blant dei ivrigaste, og var på banen heile ni timar torsdag.

–Det var 15 stykk her i går, opplyser dei.

-Er det jenter her også?

-Nei, ikkje så mange, bare eit par, seier dei.

Gutegjengen gir banen gode karakterar, men meiner røyra som ligg i skøytane mellom platene bør skruast fast. Elles fungerer banen kjempefint, meiner dei.

Bård Olsen i luftig svev på skatebanen på Judaberg.
Publisert: