Det er Finnøy Husflidslag som har hyra inn den kjente syersken. Det nye styret ønskjer meir aktivitet og blest om aktivitetane dei held på med.

– Husflidslaget på Rennesøy gjorde noko liknande med stor suksess, difor tenkte me det var ein god ide for oss også, og tok kontakt med Galta. Berekraft og gjenbruk er store trendar i tida, og me ønskjer å bidra til å redusera avfallsmengden gjennom aukt gjenbruk, seier Anlaug Flesjå i husflidslaget.

Inn med gjenbruk

Etter fjernsynsserien Symesteskapet har Galta starta i ny jobb som prosjektleiar for Re-turen systove i Stavanger Turistforening. Der gir ho nytt liv til brukte friluftsklær- og utstyr. Når ho kjem til Finnøy skal ho visa korleis dette kan gjerast i praksis, gjennom blant anna foredraget sitt Omsorgsfull søm.

Å ta vare på ting gjennom bruk er mottoet mitt. Når det gjeld klede inneber det ofte at plagg må redesignast og syst om. Å bruka det me allerie har, er eit svært godt klimatiltak. Eg er oppteken av tekstilar med historie, difor tykte eg det var kjekt at Husflidslaget inviterte meg, seier Turi Rudningen Galta som gjekk heilt til finalen i symeisterskapet.

– Å sy om og reparera klede er heilt nytt for dei unge i dag. Dei er ikkje vane med at mor lagar nye plagg av gamle. Eg er glad dette har blitt løfta fram og at stadig fleire ser at dette er viktig. Det hjelper godt med realityprogram som Symesterskapet, og at Jenny Skavland og andre influensarar går føre, smiler Annbjørg Austbø.

Husflidslaget har mange spennande ting på gang framover. Utover veving, trearbeid og Ung husflid, er ein open dag under planlegging. Til jul er planen å fortsetta med kurs i tradisjonsbakst.

Handlingsboren kunnskap

- Apropos tradisjonsbakst. Å overføra denne kunnskapen i praksis, frå ein generasjon til ein annan, er den einaste måten å halda tradisjonane i live. Me må passa på at dei ikkje døyr ut med folket. Heldigvis ser det ut til at stadig fleire, også yngre, ønskjer å læra seg tradisjonshandverk. Sjå berre korleis strikking har blomstra dei siste åra, seier Annbjørg og Anlaug, og legg til at det blir oppstart av nytt strikkekurs i løpet hausten.

Du kan lesa om arrangementet på husflidslaget si facebookside.