Oppkjøringa til Tomatfestivalen i full gang

På Judaberg er det hektisk aktivitet med å gjera klart til årets Tomatfestival. Over 30 stands skal på plass innan laurdag.

Josef Heredea sørger for at hekken i hagen til pub’en Dickins er strøken til Tomatfestivalen.
Publisert: Publisert:
Per Erik Haga i gang med å montera stands på Judaberg.

FINNØY: -Me har vore på Tomatfestivalen og sett opp stands i 10 år, seier Per Erik Haga frå Randaberg. Saman med faren driv han firmaet «Selskapsutleie», som har spesialisert seg på å laga til stands og setja opp telt.

-Me er kjent på øyane etter kvart, legg Haga til, som i tillegg til å montera telt under Tomatfestivalen også har hytte på Fogn .

Torsdagen gjekk med til Tomatkonferansen, som TEAL står bak, og torsdag kveld var det åpningsshow med Leo Ajkic. Den offisielle åpninga, med klypping av snor, var det fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken som stod bak. Øyposten kjem tilbake med referat både frå åpningsshowet og frå Tomatkonferansen, kor det blei presentert fleire nyheter.