- Me har hatt store styrker ute i fleire dagar, og det aktuelle området er søkt i fleire gonger. Bremnes Seashore fortset derimot søket på friviljug basis, og dette er me utruleg glade for. Me har ikkje dei kapasitetane som dei har, seier lensmann i Ryfylkeøyane lensmannskontor Rolf Kant til Øyposten måndag.

Bremnes Seashore er måndag føremiddag ute med to katamaranar, med såkalla ROV-fartøy, som er i gong med søk under havoverflata. I tillegg er dei på veg med ein katamaran som skal ta føre seg eit overflatesøk.

- Søket føregår mellom Sjernarøyane og nordre del av Finnøy kor båten blei funnen. Det er det området som er aktuelt no. Det er veldig mykje strømmar i Ryfylkefjordane.

Det har i helga vore ein stor innsats frå dei friviljuge, og Kant vil rosa alle som har vore med. No er det førebels slutt på strandssøket, men Kant opplyser om at dei heile vegen vil vurdera å ta det opp igjen.

- Dette kan me ta opp igjen i løpet av ein time. Dette har me ressursar til, men det er ei avgjersle som blir tatt inne på staben på stasjonen.

- Kva blir gjort frå politiet si side no?

- No er me i gong med ei taktisk etterforsking, og me er interessert i tips om nokon har gjort observasjonar av han. Eg er avhengig av å få inn tips. I tillegg skal me sjekka litt på data og navigasjon på båten, og sjå om det kan seia oss noko, seier han.

Politiet har førebels ingen teoriar om kva som kan ha skjedd, men opplyser om at dei jamleg er i kontakt med dei pårørande.

Tøft

Hjå arbeidsgjevar Bremnes Seashore er det ein tøff dag. Det 80 år gamle selskapet med hovudkontor på Bømlo driv stort med oppdrett i både Rogaland og Hordaland, og har aldri opplevd å sakna ein av sine eigne etter ei hending på sjøen. Måndag søker dei med full innsats rundt Sjernarøyane og Finnøy.

- I samråd med politiet søker me i eit området med to katamaranar utstyrt med ROV. Me søker no i eit område mellom der han hadde hamn og der båten blei funnen, seier administrerande direktør i Bremnes Seashore, Einar Eide.

Han fortel at dette er ein utruleg vanskeleg situasjon.

- Selskapet tek seg no av våre eigne tilsette som har vore nært knyt med Stian. Me har kontakt med politi og redningsteneste. Det er ingen tvil om at dette har vore utruleg krevjande, og det er ein heilt utenkeleg situasjon me har hamna oppe i, seier Eide.

Stian Husebø har vore tilsett hjå Bremnes Seashore i 2,5 år, og hadde ansvaret for to av selskapet sine lokaliteter ved Ombo og Sjernarøyane. Eide fortel at alle deira tilsette følgjer normal turnus og rotasjon, og at dei stort sett føretek seg dagarbeid og arbeidar i lag med andre. Likevel hendar det at det nokon gonger er operasjonar utanom normal arbeidstid.

- Me kjenner ikkje til at det skal ha vore planlagde operasjonar i denne tidsperioden, men det er eit stort tidsrom som ikkje kan bli gjort reie for. Me held oss til politiet si etterforsking, seier Eide.