Frida Ullenes blir hjelp av bussen av June Christensen, og er klar for "lammesafari" på Sevheim.|Sauebøndene i Rennesøy og Finnøy byrjar å få kontroll på den smittsame sjukdomnen fotråte på sau.||||Lam i sikte. Erik Lunde betraktar flokken til Ole Rasmus og Anne Lise Sevheim.|Alle vil sjå. Frå venstre framme: Ignacy Bednarski, Helena Bednarska, Frida Ullenes, Kamilla Vestly og Anders Eiane Setvik. Ingebjørg Flatland Meling bak i rosa

FINNØY:

"Lam", kom det litt undrande frå ein smårolling frå barnehagen på Talgje, etter å ha betrakta sauer og lam på garden til Ole Rasmus og Anne Lise Sevheim på Finnøy.,

Barnehagen på Talgje tok turen til Finnøy med kommunen sin el-buss, som Finnøy og Rennesøy er så heldige å vera dei einaste kommunedelane i byen som har. Bussen blir administrert av frivillighetssentralane, og kan brukast av alt frå barnehagar til fotballlag. Private arerangement er derimot utelukka.

Lam i sikte. Erik Lunde betraktar flokken til Ole Rasmus og Anne Lise Sevheim. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det er er eit veldig flott tilbud, seier June Christensen til Øyposten. Ho er pedagogisk leiar i Talgje barnehage.

-Den er veldig enkel å kjøra, og kan kjørast av alle med vanleg sertifikat. Utan denne ville me ikkje kunna reist med heile avdelinga på tur, for vanlege personbilar har ikkje plass til fleire enn tre i baksetet. Denne tek seks, seier ho.

Alle vil sjå. Frå venstre framme: Ignacy Bednarski, Helena Bednarska, Frida Ullenes, Kamilla Vestly og Anders Eiane Setvik. Ingebjørg Flatland Meling bak i rosa Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Bussen henta ho i Vikevåg kvelden før, og skal levera den tilbake dit seinare på dagen.

-Det er ei smal sak å bestilla bussen, og er nok eit tilbud me kjem til å benytta oss meir av . Det er absolutt å anbefala for andre også, og det beste er at bussen er gratis, seier Christensen.

Barna kosa seg i sol og kjølig vårvind frå nord, og hoppa og spratt rundt akkurat som dei små, firbeinte som dei var komne for å sjå.

-Dei har gleda seg stort til turen, det begynte dei med alt dagen før, seier June Christensen.

Både sauer og lamkosa seg i vårsola. Foto: FOTO: Øyvind Runestad