Tekst: Oddbjørg M. Måland

Styret er skuffa over utfallet av gårsdagens møte der fleirtalet ikkje ville splitta med kyrkja. Forslaget til vedtak frå bedehustyret blei forkasta, og kom såleis heller aldri til avstemming. Som eit resultat vil det avtroppande styret oppretta ei forsamling på Talgje, som vil bli eit reelt alternativ til kyrkja og bedehuset.

I tillegg til styret sitt opphavlege forslag, som blei forkasta, blei det stemt over to andre forslag.

Det eine forslaget blei lagt fram av Kåre Ekroll og gjekk ut på at berre dei som talar eller underviser i samsvar med den evangelisk lutherske lære, skal få sleppa til på bedehuset.

Forslag nummer to kom frå leiar i ansvarskomiteen, Eilef Gard, som føreslo å utsetja stemmeprosessen. Han meinet det ville vera nyttig å bruka meir tid på å setja seg inn korleis ein eigentleg vil ha det på bedehuset, samt å utreda vedtekter som er klare til det ordinære årsmøte skal haldast før utgangen av mars.

- Me såg ganske tidleg at vårt forslag mest sannsynleg ikkje ville vinna fram, difor trekte me det før avstemminga. Når til og med det alternative forslaget, som til ein viss grad tek meir omsyn til vårt syn på ekteskap og samliv, blei nedstemt, såg me ingen moglegheit til å fortsetta. Dessutan vil me med eit slikt forslag ikkje komma vidare i prosessen, me står på same stad. Hadde det blitt fleirtal for Kåre Ekroll sitt forslag, kunne nok enkelte av oss blitt sitjande igjen, men ikkje alle. Difor trur eg at etablering av ein forsamling, vil vera den beste løysinga for begge partar. Det vil bli utabeida eigne vedtekter og statuttar for forsamlinga som framleis skal halda til på bedehuset, seier avtroppande leiar Bjarne Ydstebø.

På Fogn blei det oppretta forsamling tidlegare i haust som vil tre i kraft frå årsskifte.

Eit nytt og midlertidig styre med tre medlemmar og ein vara blei valt. Dei nye styremedlemmane er Eilef Gard, Åge Vårdal, Mari Ekroll og vara Hilde Kavli.

Gard sitt forslag fekk flest stemmer, 37 mot 29. Dermed velde det sitjande styret å trekka seg. Totalt var det 68 av dei frammøtte som røysta. To røysta blankt. Etter avstemminga blei det velt eit nytt, midlertidig styre, tre medlemmar og ein vara som skal jobba fram Gard sitt forslag som skal leggast fram for det ordinære årsmøtet.

- Me i styret føler at me er på samme stad etter denne avgjersla. Av samvitsgrunnar trekk styret seg med umiddelbar virkning, sa styreleiar Bjarne Ydstebø frå talarstolen, like etter avgjersla.

Det mykje omtala ekstraordinære årsmøte i bedehuset i går, hadde til tider meir form som eit vitnesbyrdmøte med fleire lange talar. Det var eigentleg ingen av dei som var oppe på talarstolen som støtta styret sitt forslag til vedtak fullt ut.

Berner Meling la blant anna fram ei samanlikning som han kalla for eit paradoks.

"- Bedehusstyret tilrår å nekta kyrkja bruk av bedehuset fordi kyrkja har brote med den evangelisk lutherske lære, dette er grunnlaget for utestenginga. I dette huset har det vore fleire israelsmøter med ikkje-evangelisk lutherske lære, og som ikkje anerkjenn barnedåp eller nattverd, og som hevdar at jordpåkasting ved gravferd er ein djevelsk skikk som hindrar dei døde frå å stå opp. Slike har vore velkomne på bedehuset." Meling hausta stor applaus for innlegget sitt.

Også Silje Aanstad fekk god respons på sitt innlegg

"- Eg er sjokkert av denne saka, det gjer meg vondt. Denne saka sett folk i båsar, kyrkjefolket og bedehusfoket. Kva vil dette gjera med feleskapet på Talgje? Eg er ein del av både kyrkja og bedehuset, og det same er ungane mine. Det er vondt viss me no skal kjenna oss utestengte. Eg meiner det er fleire som kan bruka dette huset."