Den gamle kontorbrakka til Finnøy Elektro får nytt liv hjå LHV, på sikt.

Det er brakkbygget som har husa Finnøy Elektro dei siste åra, og som i som i dag vert flytta til Nådå. Det er LHV som gjer rivejobben og som på sikt skal bruka brakkene til kontor.,

- Me kjem ikkje til å setta dei opp med ein gong, men planen er at brakkene skal settast opp på tomta  ved rundkøyringa. Kontora våre har blitt for små og me treng større plass, seier dagleg leiar Lars Henrik Vestbø.

Kontorbrakka blir riven i modular og vert frakta ein og ein med spesilatransport til Nådå.