Torsdag formiddag var elevar frå 4.-6. klasse på Finnøy sentralskule ute i Judaberg sentrum for å gjera ein innsats i aksjonen Heile Rogaland rydder.

Edd Meby

-          Dette røyret fann me bak sjukeheimen, forklarar Linn Handeland.

Ho og vennene hadde ingen problemer med å fylla påsene sine med papir, flasker og plast, og dei veit at dei gjer ein viktig jobb.

-          Søppelet må bort, elles kan det havna i havet. Då kan det skada fisk og kval, forterl dei.

-          Og når de kjøper is, kvar blir det av papiret?

-          I båset!

Desse dagane er det stor mobilisering i heile kommunen. Mange frivillige er ute og plukkar plast, og ordførar Henrik Halleland har som kjent lova ein premie til beste grendelag…