Hytteområdet ligg på Helgøy, til venstre på biletet.

SJERNARØY:

Planen skal opp i utvalg for by- og samfunnsplanlegging, og får positiv tilråding frå kommunedirektøren.,

Planområdet har i dag fem hytter for utleige, ei nausthytte og eit naust. Det er også etablert molo og bryggeanlegg for småbåtar i tilknyting til utleigehyttene, og området ligg vestvendt med "gode solforhold".

Felles frukt- og urtehage

Planen som er foreslått legg til rette for fritidsboligar, naust, felles parkering, felles utearealer og felles frukt- og urtehage. Langs sjøen er det foreslått friområde og småbåtanlegg. Grunneigaren vil fortetta med seks nye fritidsboligar, og søkjer i tillegg om å få bygjja eit naust på 60 kvadratmeter med mulighet for boder for fritidsboligane.

Det er avsett eiga tomt til alle fritidsboligane som kan frådelast som eigne eigedommar. Eksisterande molo og sjøarealet innanfor er planlagt regulert til småbåtanlegg.

Naturlig med naust

Statsforvalteren har innvendt at gjeldande kommuneplan ikkje åpnar for naustboder og at det foreslåtte naustet derfor ikkje skal med.

Dette er ikkje Stavanger kommune enig i, og viser til at området ligg til sjøen. "Aktiviteter knyttet til sjøen vil være en naturlig og viktig del av bruken av fritidsboligene. Vi mener derfor det er naturlig å ta med mulighet for naustboder i planen. Det er lagt opp til ett felles naust med flere boder. Det kan derfor aksepteres et større naust enn kommuneplanenens begrensningen på 30 m2. Eksisterende naust innenfor planområdet er på ca 70 m2", heiter det i tilrådinga frå kommunedirerktøren, som tilrår politikarane å seia ja til planen.