Ombo oppvekstsenter.

RENNESØY

: Det ber den nye skulebruksplanen for Stavanger kommune som luftar forslaget, noko som har fått tommeløen ned både frå FAU'ane på dei aktuelle småskulane, og også frå lokalpolitikarane i Finnøy.,

Nå sluttar også kommunedelsutvalet i Rennesøy seg til. I ein samrøystes uttale går utvalet "på det sterkaste"  imot flytting av mellomtrinna ved skulane på Fogn, Ombo og Sjernarøy til Finnøy sentralskule.

"Vi kan ikkje sjå at det finst annan grunn til slik flytting enn reint økonomiske

innsparingsargument. Det var eit klart formulert mål for den nye kommunen at,innbyggerne skal oppleve et minst like godt tjenestetilbud som man har i dag (sak 21/19 i,Fellesnemnda).

Det må også gjelde for elevane på dei ikkje landfaste øyane i Finnøy

kommunedel. Dersom det framleis skal vere levande lokalsamfunn med forsvarlege,tenester på desse øyane, må det hegnast om oppvekstsentera – dei bør styrkjast og ikkje,svekkast. Utan gode barnehage- og skuletilbod vil det vere uråd å motivere folk til å flytte,dit, og det kan bli vanskeleg å motivere folk til å bli buande.

Vi vil til slutt halde fram at skulane i Finnøy og Rennesøy har kvalitetar som det er vel

,verd å merkje seg og bygge vidare opp om, både når det gjeld trivsel og læringsresultat.,Elevar frå Rennesøy og Finnøy har også i mange år vore i toppsjiktet i Rogaland når det,gjeld gjennomføring i vidaregåande opplæring på normert tid. (Det siste året som eiga,kommune vart Rennesøy her berre slått av Suldal, Vindafjord og Finnøy.)", heiter det i uttalen.