Arkivfoto: Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken saman med ordførar Kari Nessa Nordtun.

STAVANGER:

I eit forslag fremma av varaordførar Dagny Sunnanå Hausken, ber formannskapet om at det blir oppretthalde minst det same antallet kortidsplasser ved Rennesøy bo- og rehabiliteringssenter som det var før pandemien.,

Noko som betyr at dobbeltromma skal brukas som nettopp det, ikkje enkeltrom.

Dei ber også om at ein ser på moglege omrokkering av avdelingar for å sikra nok plassar.

I forslaget frå kommunedirektør Per Kristian Vareide blei det derimot frårådd at dei noverande tre dobbeltromma blir ombygd til seks nye enkeltrom for kortidsspasientar. Det blei også foreslått å framleis bruka dei som enkeltrom, slik det har vore sidan pandemien.

[embed]https://www.oyposten.no/2021/09/07/nei-til-fleire-kortidsplassar-ved-rennesoy-sjukeheim/[/embed]

Nær 10 millioner

Forslaget til kommunedirektøren kom til trass for at Rennesøy per i dag ikkje har nok kortidsplassar for pasientar som er utskrivingsklare. Dette fører til store bøter for kommunen, noko som resulterte i at det blei betalt nær 10 millioner kroner i dagbøter, berre i fjor.

Eit av argumenta var at innsparinga ved å laga fleire kortidsplassar på Rennesøy, uansett ikkje er nok til å dekka utgiftene som eventuelt ville gått til ombygging og drift av romma.

Men i forslaget fremma av varaordføraren påpeikes det at dagens behov ikkje er oppfylt.

− Tenester innbyggarane har bruk for skal leveras i nærleiken av der ein bur. Det gir trygghet, blant anna for dei eldre. Slik skal det egentlig vera i alle kommuner, men slik er det ikkje her i dag, sa ho.

Forslaget hennar gjekk gjennom med støtte frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne, Kristeleg Folkeparti. Også Høyre støtta forslaget.