Rekordmange deltakarar i året leseaksjon

Det seier leiarane på biblioteka i Finnøy og Rennesøy.

Leiar Merete Meling Kindingstad inviterer store og små til Finnøy bibliotek i vinterferien.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY- RENNESØY:

I Rennesøy har så langt  173 aktive deltakarar, medan Finnøy har 231 deltakarar til nå, som er 35 fleire enn i fjor. Til saman er det lese 332483 sider.,

- Dette er ganske så mange bøker. Talet på deltakarar viser at det er ein populær aksjon, men det viktigaste for oss er ikkje tala i seg sjølv, men at det er ivrige born og ungdommar som har glede av å lesa. Det at dei oppdagar nye typar bøker, finn seg nye favorittar, det er kjekt å sjå, seier Rebecca Egeland ved Rennesøy bibliotek.

 Rebecca Egeland i Rennesøy bibliotek.

Sommerles er ein nasjonal, digital sommarlesekampanje i regi av norske folkebibliotek, og er for alle born i grunnskulen. Målet med kampanjen er å få flest mogleg born til å lesa mest mogleg gjennom ein lang sommarferie. Sommerles bruker element i frå spel for å gjera lesing til ein spennande aktivitet. Du kan lesa så mykje du berre klarer samtidig som du samlar poeng, troféar og premiar. Jo meir du les, jo meir av alt det andre

- Me merkar god pågang i premieskrinet vårt, det har vore tomt for dei fleste premiane, men heldigvis har me fått påfyll av både stein og haitenner, seier Merete Meling Kindingstad ved Finnøy bibliotek.

Det er ikkje for seint å melda seg på konkurransen. Ein kan registera kva ein les heilt fram til 31. august.

Kvar veke kjem det ut nytt kodeord, og det kan ein finna på biblioteket.

Du kan lesa meir om aksjonen, eller registrera deg på sommarles.no.

Biblioteket på Finnøy held ope heile sommaren, men har litt endra opningstider i perioden 21. juni til 15. august, tysdagar og torsdagar klokka 1200-1800.

Rennesøy har ope måndagar og onsdagar klokka 1200 -1800. Begge bilioteka har ope kvar laurdag klokka 1000 -1400.

Publisert: