Kommunen er glad for å ha Bellona med på laget

Kommunalsjef Kurt Idland i Stavanger kommune seier at målet er å få fjerna rustholkane på Bru i løpet av året, og er glad for å ha Bellona med på laget.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Så mykje olje står det enkelte stader i botnen av den eine båten, viser Bellona-leiar Fredrik Hauge.|Arkivfoto: Kurt Idland frå Stavanger kommune (t.v.), Helge Bjørnestad og Fredrik Hauge diskuterte kva som kan gjerast med dei to supplybåtane som har lege på Bru i seks år.

BRU: Bellona sjekka tilstanden til dei to eldre supplyskipa som ligg ved kai på Bru grundig torsdag.,

Ifølge Fredrik Hauge stod det mellom  anna ein god del olje i botnen av det eine skipet dei hadde undersøkt.

-Skipa ligg ikkje meir enn ein god meter over havnbotnen, og våre undervannsbilete viser at det dårleg med sinkanoder og ein god del rust på skroget. Viss det kjem ein storm slik at skipa dunkar nedi kan det fort gå galt, seier Bellona-leiaren til Øyposten.

Kurt Idland frå Stavanger kommune (t.v.), Helge Bjørnestad og Fredrik Hauge diskuterer kva som kan gjerast med dei to supplybåtane som har lege på Bru i seks år.

-Er dette ei miljøbombe?

-Ikkje umiddelbart, men det er ein klar miljøtrussel viss det går galt. Det er ikkje slik det skal vera, seier Bellona-leiaren, som har som sitt klare mål å få fjerna skipa.

Kommunalsjef Kurt Idland i Stavanger kommune er glad for Bellona sitt engasjement.

-Dei har meir efaring når det gjeld dette enn oss, og me vil gjerne rådføra oss med dei, seier Idland, som legg til at det også for Stavanger kommune er eit mål å få bort båtane i løpet av året.

Skipa har lege ved den kommunale kaien på Bru i seks år, og ifølge Odland skuldar eigarane kommunen fleire hundre tusen i leige. Problem-skipa arva Stavanger kommune frå Rennesøy kommune, som i si tid inngjekk kontrakten om at skipa skulle få liggja ved kaien på Bru.

Tidlegare byrettsdommar Helge Bjørnestad er klar på at kommunen her må rydda opp. Han er støttespelar til Tor Bernhard Harestad, som driv makrellmottak på kaien kor dei to båtane er fortøyd

-Viss folk ikkje betalar leige i kommunale bustader, blior dei ganske snart kasta ut. Det er difor handlingslammelse frå kommunen si side, når det ikkje blir ordna opp i saka, meiner Bjørnestad, som meiner både faren for forurensing, det faktum at det blir drive makrellmottak i kai-området og hensynet til naboane bør få kommunen til å fjerna skipa.

-Problemet i slike saker er ofte kompliserte eigarforhold. Men viss desse båtane hadde lege fortøyd utanfor Konserthuset i Stavanger hadde dei vore fjerna for lengst. Når Bellona engasjerer seg i denne saka, seier det litt om alvoret, tordnar Bjønestad.

Det er Tor Berhard Harestad som driv makrellmottaket på kaien på Bru, og han er klar på at viss båtane går til botnars, er det kroken på døra for virksomheten hans.

-Det er matproduksjon me driv på med her. Me pumpar opp sjøvatn som me brukar i mottaket, og viss det blir forureina er det slutt, seier Harestad.

Ifølge Fredrik Hauge ynskjer Bellona å bruka saka med rustholkane på Bru som ein prøvestein for liknande saker seinare.

-I løpet av dei neste åra kjem det til å bli mange skip som blir utrangerte. Difor er det viktig å få på plass eit godt regelverk som viser ansvarsforholda, seier Fredrik Hauge.

Ifølge Kurt Idland har Stavanger kommune ganske god peiling på kven eigarane av båtane er. Den eine skal vera eigd av eit selskap med adresse i Norge, i Varanger, det andre er eigd av eigarar i utlandet som har adresse i skatteparadiset Kapp Verde.