Det var natt til sundag at AMK fekk melding om ein død mann ved ei hytte i Jørstadvågen på Ombo, og etter at helsepersonell kom til staden, varsla dei politiet om at dødsfallet kunne vera mistenkeleg. Den døde, ein mann i 50 åra frå Tyskland kom saman med jamgamle kameratar også de ifrå Tyskland til Ombo laurdag morgon. Der skulle dei vera ei veke, og fiske og kose seg.

Men natt til søndag gjekk det gale, og dei to kameratane blei arrestert og sikta for grov kroppsskade eller medverknad til dette. Måndag blei den eine av dei to arresterte framstilt for varetektsfengsling, medan den andre blei lauslaten, ifølge NRK.

- Me vil framstilla 55-åringen for varetektsfengsling i Stavanger tingrett i løpet av tysdag. Han er framleis sikta for grov kroppsskade med døden til følgje. Årsaka er bevissikring og unndragingsfare, seier påtaleansvarleg sin jurist i saka, Erik W. Rand til NRK.

Sikker på lauslating

Men forsvararen til den 55 år gamle tyske mannen er sikker på at mannen vil bli lauslaten tysdag.

- Min klient er berre forferdeleg lei seg. Han har mista ein god ven. Eg trur at politiets etterforsking vil visa at dette ikkje er noko straffbart forhold. Truleg vil han bli lauslaten av retten tysdag, seier Inger Marie Sunde til NRK.

Den andre sikta har forklart at han låg og sov, og då han vakna var den avdøde mannen bevisstlaus. Han er difor lausleten, sjølv om han framleis er sikta i saka. Det er førebels uvisst kva årsaka til dødsfallet var, men ein hyttenabo har sagt til NRK at dei tre venene drakk alkohol saman denne natta, men at han ikkje høyrde noko særskilt bråk frå hytta deira.

- Mannen døde etter eit fall. Det var ei ulukke. Eg høyrde han forlét huset, ramla og slo hovudet, seier han til NRK.

Stilt i Jørstadvågen

Då Øyposten er i Jørstadvågen måndag, er det stilt. Stilt og trist. Det er ikkje ein mann og sjå, og ved hytta som den tyske mannen døde ved, er avskilt med polititeip. På bakken utanfor døra er det spor etter avdøde, og ved boda står fiskestenger og ølflasker. Bilane deira står endå parkert ved huset.

Det er tidlegare ordførar Kjell Nes som leiger ut hyttene, men han ynskjer ikkje å uttala seg om saka.

- Det einaste eg har å seia er at dette er trist og forferdeleg, seier Nes.

Dei tre venene skal ha kome til hytta i Jørstadvågen i fleire år.

Politiet seier tysdag i ei pressemelding at dei førebels ikkje har noko nytt å koma med å saka.

- Me etterforsker saka vidare for å finna ut kva som har skjedd. Det blir gjort åstedsundersøkingar og takast avhør, sier Rand.