Birger W. Hetland.

Hetland har laga ein interpellasjon til kommunestyret som konkluderer med at ordførar og varaordførar ta Øyfast opp med fylkeskommunen slik at det blir framgang i saka.,

-Forslaget er i tråd med intensjonsavtalen som blei laga mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger i forkant av samanslåinga. Den er også i tråd med samarbeidsplattformen som blei laga i høst av dei styrende parti.

Difor bør det ikkje by på større problem å få dette vedteke, seier Hetland til Øyposten.

Sp-politikaren frå Sjernarøy frykta at Øyfast skulle havna i ei skuff i fylkeskommunen.

-Tilbakemeldinga frå fylket var at det var eit prosjekt dei ikkje ville engasjera seg i, med mindre det blei prioritert frå Stavanger si side. Dette tok eg opp med Dagny (Sunnanå Hausken, varaordførar red. anm.), og ho kom med forslaget om å ta saka opp som ein interpellasjon i kommunestyret. Den muligheten greip eg, kanskje litt raskare enn ho hadde tenkt, og fekk tilslutning for innhaldet i Senterparti-gruppa i kommunestyret.

-Vurderte du å gå breiare ut for å sikra støtte frå andre frå øyane som sit i kommunestyret?

-Nei. Eg har kome med ein interpellasjon ein gong før, i Finnøy kommunestyre. Den handla om Skartveit kai, og då fikk eg og Olav (KrF) opposisjonen med. Nå skifta eg taktikk og gjekk til mine eigne først, så er det flott om dei andre om dei vil vera med, seier Hetland, som er åpen for å flikka litt på innhaldet viss det er det som skal til få å få fleire parti til å stilla seg bak forslaget.

Folkeaksjonen Nei til Bompenger (FNB) har kikka på formuleringa i forslaget om at det skal vera eit mål å realisera Øyfast. Liknande signal er kome frå Miljøpartiet De Grønne (MDG).

-Eg kjem til å ta ein runde med desse om dette, utan at eg skjønar at dette skal vera noko problem. Viss me bed om at fylket skal utgreia prosjektet så er det nettopp med mål om at det skal realiserast, elles har det liten vits, seier Hetland, som også er spent på kva Høyre vil gjera.

-Eg blir overraska viss Høyre stemmer mot, og kva argumenta i såfall vil vera. For også Høyre har skrive under på intensjonsavtalen kor Øyfast inngår. Dei satt med flertall sammen med KrF, Sp og Venstre forrige periode over både Finnøy, Rennesøy og opposisjon i byen seier Birger Hetland.