Pendlarar i øyane har ikkje hatt same fordelane som i byen.

- Dette er noko me har kjempa for lenge i Finnøy, seier KrFs Henrik Halleland til Øyposten.,

Det var under behandlinga av den nye byvekstavtalen, at samferdselssjefen i fylket, Gottfried Heinzerling fekk spørsmål om hjem-jobb-hjem ordninga.

-Venstres Kjartan Alexander Lunde spurte om ordninga nå også ville omfatta Finnøy, noko han fekk positivt svar på. Det betyr at det vil vera mulig å for eksempel pendla frå Sjernarøyane til byen for ein rimeleg penge.

-Kor mykje er det snakk om?

-Det ikkje heilt klart, men me må kunna gå ut frå ein vesentleg reduksjon i forhold til i dag. Rundt ein tusenlapp.

-Når vil dette trå i kraft?

-Det bør ikkje bli så lenge til, utan at det er sett noko tidspunkt ennå. Dette er svært gledelig for alle som pendlar. Hugs på at Finnøy nå har fått rådhuset sitt i Stavanger, og at mange av dei som før jobba på Finnøy nå pendlar til byen, seier Henrik Halleland.

Han legg til at den nye byvekstavtalen også vil koma Rennesøy til gode, ved at busstilbudet blir styrka.