Dette var eitt av dei mest sentrale punkta, då Ryfylke Næringshage inviterte til ein tre timars lang Workshop på Utsyn onsdag kveld.Dette som eit ledd i det pågåande arbeidet med å utvikla ein mulegheitsstudie til ein eigen sentrumsplan ,som då den nye kommunen så skal ta med seg vidare i sitt arbeid med å utvikla tettstaden Judaberg.,

Arbeidet er initiert av Finnøy kommune og Næringshagen, med støtte frå både kommunen og Rogaland Fylkeskommune.

-Me må legge eit glasstak over heile parkeringsplassen og gjera det om til eit  utstillingsvindauga for handel, lokale produkter,cafe-og restaurantdrift .I tillegg må me fremja lokal kultur og identitet som sentrale element også inn i eit slikt utviklingsperspektiv, meinte dei fleste av møtedeltakarane.Dei representerte seks ulike samansette grupper som la fram sine synspunkt på korleis Judaberg sentrum burde bli i framtida.

Judaberg sentrum er i dag ein «salig blanding « av alle typar bygg og verksemder, utan nokon samordna plan for estetikk og byggeskikk.Dette må me få slutt på i eit sentrumsområde som har eit unikt utgangspunkt for både turisme, reiseliv og handel.Dette var også ei sentral problemstilling og utgangspunkt for at det no må takast grep over sentrumsutviklinga på Judaberg.-Me skal byggja tett, men me skal ikkje byggja i høyden.Eg vil ha eit sentrum,der folk kan møtast og vandra stille rundt for både å handla, men også for å kunne møtast over ein kopp kaffi eller eit glass vin med noko attåt , poengterte leiar i Finnøy Grendalag ,Berit Hopland.

Behovet for overnattingsplasser og ein samanhengande strandpromenade i strandkanten frå Hauskjeneset og heilt ut til Fåholmen , var også eit tema mange var innom for å gjera heile Judaberg sentrum meir attraktivt.Det same var moglegheitene for å bruka den tidlegare Rygjabøtomta øverst i Hagabakken til noko triveleg og matnyttig.

Også det faktum at både Rogaland Havbrukspark, og eit offentleg landbruks-og havbrukskontor no skal realiserast på Judaberg, var det fleire som såg mange potensielle synergieffektar av.Dette burde også koma tydeleg fram og avspegla delar av sentrumsutviklinga, meinte fleire.

I det heile fekk Ryfylke Næringshage mange konkrete og kreative innspel  som dei kan ta med seg vidare i det viktige arbeidet med å oppgradere og utvikla Judaberg sentrum.

Det var den klare felles forståinga etter møte.Så er det opp til Nye Stavanger kommune å ta dette viktige arbeidet vidare, og setja det på dagsorden i dei åra som ligg framfor oss.