To vegar mellom Ombo og Stavanger.

Øyposten testa den nye ruta som åpna seg då Ryfylketunnelen mellom Solbakk og Hundvåg var ferdig. Resultatet er: 5 minutt å spara frå kai til byen.

Me tok 10.50-ferja frå Skipavik på Ombo, direkte over til Hjelmeland. Den tek 17 minutt ifølge rutetabellen.

Etter litt somling og fotografering, var me klar til avgang 10.10 i retning Stavanger langs riksveg 14.  Turen gjekk greitt, bortsett frå at det var litt glatt over heia mellom Hjelmeland og Fister. Farten måtte difor avpassast etter dette.

Endestasjon Fiskepiren

Men frå Årdal og vidare var det bare å gi på det fartsgrensa tolte. Ned Målandsdalen, gjennom Svortunnelen og passering Tau. Då var det klart for Ryfast, eller Ryfylketunnelen, som nå er det offisielle namnet.

Å kjøra gjennom den er ei oppleving, for her er det snakk om før og etter Ryfast for alt som heiter tunnelbygging. Ryfylketunnelen ligg fleire hakk over det som er vanleg tunnelstandard.

Sidan heile Ryfast ikkje er ferdig ennå. måtte me ta av på Hundvåg og kjøra Bybrua for å koma til Fiskepiren i Stavanger.

Der var me 11.15. Det betyr ein time og fem minutt frå Hjelmeland pluss 17 minutt med ferje. Totalt ein time og 22 minutt.

Stengt tunnel!

Så var det returen. Først ein pause og ein kopp kaffi på Kanelsnurren, før avgang frå Fiskepiren 11.45.

Nå går turen gjennom Kannik til Tjensvollkrysset og vidare utover mot Randaberg og Byfjordtunnelen på E39. Tilfeldigvis er me akkurat kome ut av Mastrafjordtunnelen då denne blir stengt på grunn av lause gjenstandar i vegbana.

I Nordbøkrysset set me kursen retning Finnøy, og stoppar i ferjefeltet til Eidsund på ferjekaien på Judaberg presis klokka 12.27. Det gir 42 minutt køyretid. Ifølge ruteplanen tek ferja til Eidsund via Halsnøy 35 minutt, noko som gir ei total reisetid på ein time og 27 minutt. Fattige fem minutt å spara, med andre ord.

Men absolutt verd turen for å forveta seg.

Rune Nedrebø