Austre Åmøy kan også få besøk av legebåten i framtida.

Det går fram av forslaget til budsjett for Nye Stavanger som blei lagt fram før helga.,

Der blir det peika på innbyggjarane i dei to kommunane står fritt til å bruka legevakta på Våland.

-Selv om førstevalget forventes å være Ryfylke legevakt, heiter det.

Det blir likevel varsla at kommunen neste år vil følgja med på kor mange som brukar tilbudet i byen. Spesielt gjeld det frå Rennesøy.

I budsjettet blir også ballen om nye lokaler for dei tilsette på legebåten på Judaberg teke opp. Finnøy kommune har tidlegare vore i dialog med Helse Stavanger om dette, og i budsjettet blir det foreslått å løyva 7,5 millionar kroner til nye lokaler i 2021.

Legebåten er i dag stasjonert på Judaberg.

Lokala bør plasserast nær legebåten, heiter det, og det skal også vurderast kva som er å henta på å samordna byggeplanane med bygginga av ny sjukeheim på Finnøy.

Den gule ambulansebåten "Rygervakt" er i dag legevakt for dei fire kommunane Finnøy, Hjelmeland, Rennesøy og Kvitsøy.