Det gamle byvåpnet til Stavanger kommune får gjera nytta når byen slår seg saman med Finnøy og Rennesøy. Det bestemte Fellesnemda i sitt møte på Judaberg måndag kveld. Rennesøy sin varaordførar Jostein Eiane tok lufta ut av debatten då han som den fyrste på talarstolen lanserte eit fellesforslag som sa at Stavanger sitt kommunevåpen skal førast vidare.

Fellesnemda vedtok også at Nye Stavanger skal vera språknøytral og at kommunen sitt fremste folkevalde organ skal heite kommunestyre - ikkje bystyre.