Finnøy-ordførar Henrik Halleland overrekte ordførarkjedet sitt til ordføraren i Nye Stavanger, Kari Nessa Nordtun, tidlegare i haust. Det same gjorde Stavangers ordførar Christine Sagen Helgø og Rennesøy-ordførar Dagny Sunnanå Hausken. Nå er dei tre kommunane historie. (Foto: Sigbjørn Berentsen)||Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø, Finnøy-ordførar Henrik Halleland og Rennesøy-ordførar Dagny Sunnanå Hausken ga kvar sitt ordførarkjede til ordføraren i Nye Stavanger, Kari Nessa Nordtun, under konstitueringa av det nye kommunestyret i går.

Dei tre ordførarane ga frå seg ordførarkjedene i ei symbolsk handling då kommunestyret i Nye Stavanger blei konstituert i går.,

Dei tre kjedene skal nå til Bergen og bli smidd saman til eit nytt ordførarkjede som skal pryda bringa til den nye ordføraren, Kari Nessa Nordtun (ap).

- Det var vemodig å gi frå seg kjedet, eg hadde ikkje trudd det skulle bli slik. Men det er trass alt snakk om ei lang historie som nå går mot slutten når Finnøy kommune opphøyrer frå nyttår, seier Finnøy-ordførar Henrik Halleland til Øyposten.

Finnøy kommune blei oppretta i 1837, og utvida til dagens grenser i 1965. Då fekk også Rennesøy kommune dagens gren ser, etter at Mosterøy kommune blei infusjonert.

Også Rennesøy-ordførar Dagny Sunnanå Hausken ga frå seg kjedet.

- Dette var eg godt forberedt på, så det gjekk greitt. Men det er litt trist for Rennesøy. For meg personleg gir dette likevel nye muligheter, seier Sunnanå Hausken, som nå blir varaordførar i den nye kommunen. Det er historisk også for Senterpartiet, for det er første gong partiet kan pryda seg med eit så høgt verv knytta til Stavanger-namnet.

Alle dei tre kommunane held fram til nyttår parallelt med den nye kommunen.

Både Finnøy og Rennesøy har eit formannskapsmøte og eit møte i kommunestyret igjen å gjennomføra.

Ifølge Halleland kan det siste kommunestyret i Finnøy  likevel bli meir enn eit farvel-møte.

-Saka om gang- og sykkelstien mellom Judaberg og Reilstad kan koma opp der, seier Halleland.