Øyposten skal visa igjen på Ryfylkeøyane
For ei veke sidan kom Øyposten ut i ny drakt med såkalla nytt avishovud.I ettermiddag tok like godt hovudaksjonær og eigar av avisa,Stephan Dickenson, med seg redaktør Rune Nedrebø på bytur.Tilbake kom redaktøren, og ikkje minst ein stolt eigar,i ein flunkande ny reportasjebil med den nye Øyposten-logoen.Dette også som ei bursdagsgave ved inngangen til jubileumsåret.I oktober i år,er det nemleg 50 år sidan den første utgåva av Øyposten såg dagens lys.Det er fyrste gong i avisa si historie at lokalavisa som byrja som eit lokalt informasjonsorgan for Finnøy kommune,kostar på seg noko så flott som ein eigen reportasjebil.På Nord Jæren, derimot , har lokalaviser som både Bygdebladet,Solabladet og Sandnesposten farta rundt i eigne avisbilar i ei årrekke .-Når no Øyposten tek nye steg som ei lokalavis for Ryfylkeøyane i nye Stavanger kommune , så er dette også eit tydeleg signal om at me bokstaveleg tala ynskjer å vera ei synleg avis og eit viktig talerøyr for dei to nye kommunedelane i Stavanger, meiner redaktør Nedrebø.Det er også aviseigar Stephan Dickenson heilt einig i.