|Kommunen kan ha sendt skattesetlar til feil adresse i Finnøy.

Det skriv Finnøy kommune på si Facebook-side. Kommunen må sjekke at informasjonen den har er korrekt, mellom anna for at skattar og gebyr skal bli så rettferdige som mogleg i den nye kommunen. Synfaringane startar på Finnøy og Talgje i veke 41. Våren 2020 kjem turen til dei ikkje-landfaste øyane.,

I møtet i Fellesnemda for Nye Stavanger sist måndag orienterte prosjektdirektør Kjartan Møller om utfordringane med å meisla ut ein ny eigedomsskatt. Regjeringa har signalisert ei ny lov. Takseringa i Finnøy er ikkje starta, og i tillegg skal alle næringseigedomar i Stavanger, Rennesøy og Finnøy bli registrert. Alt dette må vera på plass innan 30. juni 2020. Viss ikkje står Stavanger i fare for å få underkjent sin eigedomsskatt for 2020 – eit beløp på 283 millionar kroner.

På Facebook skriv Finnøy kommune: «Det er ikkje bestemt kva delar av den nye kommunen som skal ha eigedomsskatt, men synfaring må til uansett. Synfaring inneber at vi går forbi husa, tek bilete og sjekker om tomter og bygningar stemmer med dei opplysningane vi har i det digitale systemet vårt. Vi skal ikkje inn i husa, så du treng ikkje vere heime når vi kjem. Dersom du likevel ønskjer å vere til stades, kan du kontakte oss på eiendomsinfo@stavanger.kommune.no eller ringje 51 50 77 66», heiter det.