Frå fyrstkommande fredag er Finnøy med i billettordninga HjemjobbHjem. Foto: Arkiv.

-Takst- og rabattsystemet for hurtigbåtane skal til gjennomgang hjå Kolumbus i nærmaste framtid,

seier samferdselssjef i fylkeskommunen Gottfried Heinzerling i ein kommentar til saka om Kolumbus som innfører billigare billettar med buss, tog og hurtigbåt til byøyane og Hommersåk, men ikkje til Ryfylke.,

Leiar i Samferdselsutvalet i fylket, Arne Bergsvåg, sa i førre veke til Øyposten at den nye ordninga er høgst urettvis, og lova at saka skal opp til politisk behandling i samferdselsutvalet 25. september.

- Dette er openbart urimeleg. Finnøy og Ryfylke har sjølvsagt bruk for dei same ordningane som resten av fylket. Det er lett å tenka kollektivt i byane, men i Ryfylke er me ikkje gode nok. Om nokre månadar er Finnøy og Stavanger ein kommune og då må forholda vera dei same, sa Bergsvåg.

Grunnen til forskjellsbehandlinga er at båt- og hurtigbåtane til Byøyane inngår i eit gammalt takst- og rabattsystemet for buss og tog. Takst- og rabattsystemet for hurtigbåtane elles fungerer åtskilt med unntak av kombibillettar for Strand og Finnøy der eit felles billegtilbod for båt, ferje og buss er etablert.

Oddbjørg M. Måland