Francis Thomas Falkeid meiner det renn rett ut kloakk ut i fjæra i nabolaget.|

Falkeid bur i Storehamn på Finnøy, ei idyllisk bukt som Finnøy kommune nyleg stengte for bading etter at det blei teke vatnprøver som viste for mykje innhald av kolibakterier.,

- Me har gjennom grendalaget i fleire år klaga på utslepp av kloakk, utan at dei som driv dette anlegget gjer noko med det, seier Falkeid.

Helsefarlig

Han har i sommar engasjert seg for å få stoppa utsleppa og er svært kritisk til det lokale firmaet som har ansvaret for anlegget:

«Dere har vært fullstendig klar over at det har blitt sluppet ut store mengder helsefarlige og giftige væsker direkte fra kloakk tankene og rett ut i grøftekanten 30 meter fra nærmeste hus her i Storehamn», skreiv han i ein e-post til firmaet 3. juni i år, og tre dagar seinare i ein e-post til Finnøy kommune:

«…det lukter kloakk og for meg ser det ut til at det renner en jevn strøm med forurenset vann ut i området».

Regelmessig tømming

Det er firma Ladstein Bygg AS i Steinnesvåg som har ansvaret for anlegget.

- Me har prøvd å passa på anlegget slik me skal, men det kunne sikkert vore endå betre, seier Asgeir Ladstein i Ladstein Bygg.

- Dei prøvane me har teke har vore innanfor reglane, heilt til no i august. Då synte dei eit høgare innhald av kolibakterier. No har me kontroll oftare enn før. Septikktanken blir tømt regelmessig.

- Kva vil det seie?

- 1-2 gonger i året. Det skal vera nok. Det har skjedd at tanken gjekk full og då renn det kloakk ut. Me fann filler i tanken og det må komma frå bebuarane i nabolaget. Slikt skal ikkje kastast i kloakken.

Avdelingsingeniør Lars Terje Meland i Finnøy kommune kjenner til problemstillinga i Storehamn.

- Eg hadde sikkert reagert sjølv om det kom kloakk ut i naturen der eg budde, men det er Ladstein Bygg AS som er eigar av kloakkanlegget og har ansvaret for vedlikehald og drift. Det er vanskeleg for meg å meina noko om bedrifta har gjort nok i høve vedlikehald og rutinar, seier han.

Meland opplyser at det var kommunelegen som bad kommunen sjølv ta prøvar av vatnet, då avgjersla om å åtvare mot bading blei teken. Dei siste prøvane blei gjort i førre veke, men det ligg ikkje føre resultat.