OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blant anna på grunn av den nye storkunden Volkswagen, i tillegg til fleire andre store nasjonale og internasjonale kundar. Også talet på tilsette er dobla sidan 2017. I 2018 kunne selskapet notere eit overskot på 10,1 millionar kroner, av ei omsetting på 94,5 millionar.,

- Me har hatt stor byggeaktivitet den seinare tida i samband med utbygging av fjellhallane på Rennesøy. Om lag 180 millionar kroner er investert i infrastruktur for å klargjera for ein stor internasjonal kunde. I tillegg opna me eit nytt bygg på Rjukan i juni, og fyrste spadetak for eit nytt datasenter i Oslo blei teke 1. september. Totalt sett har me investert nærmare 400 millionar kroner i utvidingar på lokasjonane i Stavanger og Rjukan det siste året, seier administrerande direktør Tor Kristian Gyland.

,-

Kven er det som leiger seg inn?

- Mange av våre kundar ynskjer å vera anonyme, medan andre kundar slik som er av DNB, Volkswagen og Stavanger kommune har løyst oss frå teieplikta.

,-

Nyttar de lokal arbeidskraft i arbeidet med bygginga av dei nye fjellhallane?

- Ja, det gjer me så langt det er mogleg, både frå Rennesøy og Finnøy. I tillegg til dei direkte arbeidsplassane vert det skapt mange nye arbeidsplassar i kjølvatnet av desse. Mange av kundane våre har til og med eigne folk til dataromma sine.

,-

Korleis ser framtida for

Green Mountain ut?

- Behovet for datasentra vil auka og Norge har ein unik posisjon i marknaden fordi me kan tilby 100 prosent fornybar straum, som stadig fleire er opptekne av. I tillegg har me gode prisar og overskot på kraft. I mange andre land er det store utfordringar i forhold til tilgjengeleg straum. Det er ingen tvil om at vekstpotensialet er stort, seier Tor Kristian Gyland.

Oddbjørg M. Måland

Green Mountain AS

Dagleg leiar: Tor Kristian Gyland

Styreleiar: Odd Torland

Omsetting 2018: 94,5 mill

Omsetting 2017: 89.3 mill

Omsetting 2016: 93 mill

Driftsresultat 2018: 10,1 mill

Driftsresultat 2017: 5,5 mill

Driftsresultat 2016: 7,1 mill

Eigenkapitalandel: 25 %