|

Nes er gjerne mest kjent for å høyra til den meir blå og høgreorienterte delen av Kristeleg Folkeparti. Men no gir Kjell Nes listetoppen på Stavanger KrF, Henrik Halleland, relativt fritt spelerom i forhold til kva politisk retning partiet bør samarbeida for å få mest mogeleg uttelling i det nye kommunestyret etter valet.,

-Det synest eg faktisk at partiet sjølv representert ved dei som kjem inn, skal få avgjera og ikkje eg, seier ein overraskande tilbakelent eksordførar.

-Det viktigaste er kva politisk samarbeidsplattform som gir den beste uttellingen for våre kjernesaker og få klarhet i kva me skal samarbeida om. Då er det ikkje avgjerande om me får dette til i ein allianse med venstresida eller høgresida i stavangerpolitikken, slår Nes fast.

I si tid som ordførar i Finnøy i perioden 2007-2011, utgjorde partiet ein fleirtalskonstellasjon med Høgre,FrP og Venstre.

-Men det var fordi Senterpartiet den gong, i forkant av valet avviste eit samarbeid med oss. Og det var faktisk etter initiativ frå meg som ordførarkandidat, understrekar han .Nes var også tydeleg,og gjekk høgt på banen i prosessen kring partiet sitt retningsval i forkant av det ekstraordinære fylkesårsmøte i haust, og signaliserte at partiet burde søkja regjeringssamarbeid med dei borgarlege partia.

-Det var meir på eit prinsipielt grunnlag, fordi eg meinte at berre ein femdel av dei som brukte KrF - lista ved sist val ( medlemmene) , vart høyrde i denne prosessen, og at ein burde venta til stortingsvalet. Sjølv gir han også uttrykk for at han personleg ved enkelte stortingsval har stemt taktisk, og då har Sp vore alternativet.

-Men per i dag er det partiet alt for reservert og skeptisk til nytenking og forandring.Det blir etter mi vurdering heilt feil i ei tid der samfunnet er i ei rivande utvikling på så mange område, og der politikken skrik etter dei større regionale løysingane, og eit langt større og vidare interkommunalt samarbeid for å få til dei gode politiske løysingane, avsluttar gamleordføraren.