Erling Halsne

+ Eg tenker at dette fort kan gå godt, spesielt med tanke på at me vil få eit større fagmiljø.,- Minus kan vera at det blir større avstand til «maktå» og at fleire vil få lengre veg til jobb.

Edvard Nåden

+ Fleire moglegheiter, betre økonomi. Det finns fleire moglegheiter i ein større kommunen enn ein liten. Eg stemte for samanslåing.,- Eg ser ingen minus, så lenge me får nok representantar inn i det nye kommunestyret.

Per Bergøy

+ Det er sikkert mange plussar. Å komma inni i eit større miljø, er ein av dei, og det kan slå positivt ut blant anna for det politiske miljøet.,- I og med at me er ein jordbrukskommune må me passa godt på bøndene sine interesser og «utkanten» sine interesser.,Eg er bekymra for at forskjellspolitikken skal fortsetta, til dømes med elbil-fordelane og eigedomsskatt. Alle må behandlast likt, uansett kor ein bur og kva bil ein har.

Anny Bergeland

+ Eg tenker det blir greitt med nye impulsar utanfrå i forhold til kommune og politikk.,- Det er vanskeleg å spå om framtida, tida vil visa kva som skjer. Ingen veit, og det finns inga fasitsvar. Det blir å stilla med blanke ark.

Brit Elin Nordbø

+ Eg tykkjer det er vanskeleg å svara på noko som skal skje. Det er heilt sikkert mange plussar og minus, men ingen veit før me er der. Uansett meiner eg at den nye kommunen vil kunne tilby breiare kompetanse i fagmiljøa.,- Minuset kan vera mindre lokaldemokrati og lengre veg til servicetilboda. Men, sett under eitt, dette er ein kjempespennande prosess.

Astrid Frise

+ Det aller viktigaste er at det blir større kommunale einingar og større fagområde.,- Problemet er at forholda kan opplevast for store, at me mister det intime og koselege, og den korte avstanden mellom folket og politikarar/administrasjonen. Eg stemte for samanslåing.

Inger Mæland

+ Større fagmiljø på forskjellige område. Nøytral arena. Positiv påverking frå Stavanger som ein del av eit større fellesskap.,- Trekk ut enkelte fagpersonar frå lokalmiljøet, og også funksjonar som gjer at ein kjenner på nærheit til lokalsamfunnet. Vil me få nok ressursar som gjer at me kan oppretthalda ting me tykker er viktige?

Kirsten Helene Hellevik

+ Positivt; større fart og god drahjelp til nye prosjekt. Større fellesskap når det gjeld sosialt og kulturelt.,- Minus: Me må passa godt på det unike i Ryfylke. Det var derfor me flytta til Finnøy.

Frode Steen

+ Slik den økonomiske situasjonen er nå, er me sårbare, det trur eg kan bli betre i den nye kommunen, men ikkje sikkert. På mange måtar «soknar» me til Stavanger allereie så eg trur ikkje forandringane vil bli veldig store. Uansett er alt personavhengig. Det kan vera gode og mindre gode folk i politikken/administrasjonen anten det er her eller der.,- Minus: Enn så lenge vel eg å sjå positivt på kommunesamanslåinga.

Anton Jayasyngha

,+ Eg håpar på betre offentleg kommunikasjon til og frå Stavanger, og at det kan blir fleire aktivitetstilbod for folk i alle aldrar.,- Får ikkje håpa at Finnøy endrar karakter og at me får storbyproblematikken inn hit.