Gassprisane er i ferd med å ta str5upetak på veksthusnæringa. (Illustrasjonsbilete).|Klepp-gartnar Ola Sunde.

FINNØY-RENNESØY:

Det er Ola Sunde frå Klepp, som har sendt melding til gartnarane, kor han frårår å planta inn tomatplanter i eldre gartneri. Sunde "kulturansvarleg for tomat" i Gartnerhallen,  bindeleddet mellom gartnarane og grossistane.,

Klepp-gartnar Ola Sunde.

-Det er ein tragisk situasjon, men med ein gasspris på to kroner er det ikkje lønsomt for eldre gartneri å planta i. Det er dei harde realitetane, seier Sunde til Øyposten.

-Kva reaksjonar har du fått frå gartnarane?

-Dei forstår situasjonen, og er glad for å ha fått råd om at dei må tenkja seg om, svarar Klepp-gartnaren.

Stig Jakob Hanasand produserer tomatplanter for gartnarar i distriktet. Foto: FOTO: Jon Asgaut Flesjå

Stig Jakob Hanasand, som leverer småplanter til fleire tomatgartneri i området, reknar med mange tome drivhus neste år.

-Åtte-ti gartneri kan fort bli ståande tome, seier Hanasand, som aldri har vore borti ein liknande situasjon før.

-Det er dei vanvittig høge gasprisane som er årsaken, og det er lite sannsynleg at me kan ta det inn igjen på tomatprisen, seier Hanasand.

https://www.oyposten.no/2021/12/23/gassprisen-to-kroner-fryktar-tome-veksthus-i-oyane-neste-ar/

Mange gartnarar leiger drivhus i tillegg til sine eigne, og Hanasand reknar med at 20-30 dekar med veksthus på øyane kan bli ståande utan produksjon.

-I areal er det kanskje ikkje så mykje, men det går hardt ut over miljøet at så mange gartnarar nå seier stopp, seier han.

Konstituert administrerende direktør i Gartnerhallen, Kai Knutsen, seier i ein kommentar at marknaden åleine ikkje kan møta den ekstreme auken i energiprisar.

-For vanlege runde tomater er det eit pristak, som er ein del av jordbruksavtalen. For spesialtomater håpar me å kunna henta meir ut av marknaden. Men uansett må det politisk vilje til for å hjelpa næringa, seier Knutsen

Mange gartnarar vurderer nå overgang til propan, Sjølv om også propangass er blitt dyr, så er dette billegare enn naturgass. Naturgass var heilt oppi 2,47 kroner per kilowatt nyleg, som er ei mangedobling i forhold til kva han var.

Lyse, som, har lagt gassnett til mange av gartnarane, har nå gitt beskjed om at gartnarane fritt kan kjøpa propan, utan at avtalen med Lyse stiller seg i vegen for det. Lyse vil dessutan frå januar halvera påslaget på naturgass frå 14,5 til sju øre.