15 000 kroner til årets julegåveaksjon

Tilbakemeldingar frå i fjor var at pengane frå aksjonene redda jula for dei mest vanskelegstilte.

Ragnhild Valand t. v og Brenda Koldstadløkken har starta ein tradisjon med julegåveinnsamling i Finnøy. Foto: Oddbjørg M. Måland
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Aksjonen som er eit initiativ mellom kyrja i Finnøy og Frivilligsentralen blei avslutta sist veke. 15 000 kroner er ovelevert NAV Rennesøy og Finnøy som formidlar pengegåva.,

I fjor som var fyrste år med julegåveaksjon i Finnøy, kom det inn rundt 20 000 kroner.

- Litt mindre i år, men me er likevel godt nøgde, og imponerte av givergleda i Finnøy. Me veit at med litt ekstra å rutta med, kan jula bli litt betre for dei som slit, fortel Ragnhild Valand i Frivilligsentralen.

https://www.oyposten.no/2020/12/14/20-000-kroner-til-julegaveaksjonen-i-finnoy/

NAV kjøper gåvekort Coop på 500 og 1000 kroner, og deler dei ut etter behov.

- Eg tenker at pengane kan komma ekstra godt med i år no som straumprisane er ekstra høge, seier Valand.

Publisert: