STAVANGER:

Bygginga av den nye brannstasjonen er godt i gang, og tunge betongelement støypt på Finnøy blir blir heist på plass. Oppdraget har ein verdi på rundt 10 millionar kroner for Finnøy Betong.,

Den nye brannstasjonen ligg strategisk plassert ved innløpet til Ryfast og Eiganestunnelen, og saman med ny brannstasjon i Lervig skal dei erstatta den gamle brannstasjonen på Lagårdsveien. Brannstasjonen på Schancheholen skal etter planen åpna neste haust.

-Det blir to svært travel stasjonar, både Schancheholen og den i Lervig. Schancheholen-stasjonen vil liggja veldig godt til med tanke på utrykning både til Ryfast og Rennfast, seier brannsjef Nils- Erik Hagenrud i Rogaland Brann- og Redning til Øyposten.

Også på Finnøy er det bygging av ny brannstasjon, som Hagenrud meiner vil styrka brannberedskapen i øyane. Også her er Finnøy Betong inne i biltetet med betongarbeid.

-Det er sjeldan me har så eksponerte bygg som dette, det er veldig kjekt, seier dagleg leiar i Finnøy Betong, Lars Jøran Flesjå om brannstasjonen i Schancheholen.

Heile reportasjen om Finnøy Betong kan du lesa i papiravisa.