24-åring byggjer sin eigen "Tingvik"-båt

24 år gamle Andreas Garnes frå Kvernevik har ein stor lidenskap for gamle trebåtar.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY

: Nå er han inne i sitt andre år som lærling ved Ryfylke Trebåtbyggeri ved Fåholmen på Judaberg. Der er han i full sving med å renovere den gamle losskøyta "Kvitsøy" frå 1930-talet og den mest like gamle fiskeskøyta "Svanå". Og som om ikkje det var nok, så brukar han også storparten av fritida si på å byggja sin eigen 16 fot lange "Tingvik- båt".,

-"Tingvik"-båten har eigentleg sitt opphav frå Ombo, og er laga av Ingebreth Knutsen Tingvik, fortel Andreas Garnes.

-Me måtte over til Rennesøy for å ta mål av ei orginal utgåva av båten der, så nå byggjer eg den opp igjen etter gamle teikningar og mål som eg har fått tak i, forklarar den unge båtbyggjaren, som eigentleg skulle bli industrimekanikar.

Etter å ha teke fagbrevet, byrja han difor i jobb med bygging av supplybåtar hjå GMC på Buøy. Men for unge Garnes var ikkje dette eit "skikkeleg" og ekte arbeid som båtbyggar.

-For ein "skikkeleg båt" med sjel, ja, det er det berre ein verkeleg trebåt som er, meiner han.

-Interessa for gamle båtar og byggetradisjonar blei ytterlegare trigga gjennom mang ein tur ombord på "Gamle Rogaland" ved kai i Stavanger . Deretter blei ei kort karriere som industrimekanikar avslutta på Buøy, og turen gjekk deretter vidare til eitt år på båtbyggjarlinja på Fosen Folkehøgskule i Trøndelag. Etter det gjekk så turen til ein lærlingeplass hjå Jørn Magne Flesjå på Ryfylke Båtyggeri.

-Håpar å gjera dette til eit levebrød 

Og på Finnøy er den store lidenskapen for trebåtar og båtbyggjarkunsten blitt ytterlegare forsterka. Difor har han like godt også busett seg her, sjølv om turen frå Kvernevik og inn til Fåholmen og Judaberg ville vore unnagjort på berre ein liten halvtime.

Og når han då også kan bu heime hjå ein slik "handy man" og lokal nestor innan gamal byggestradisjonar, som Ola Steinar Flesjå, så blir kvardagen ekstra interessant og lærerik for den unge båtbyggjarentusiasten.

På loftet inne i ein av verkstadane viser Andreas Garnes stolt fram 3-børingen sin av ein skikkeleg Tingvik-båt som nå verkeleg byrjar å ta form. Og her er sjølvsagt også alt treverket både kortreist og utforma etter tradisjonell lokal byggeskikk frå Ombo.

-Til og med naglane i båten er laga og utforma på ekte måte, smiler han, og viser stolt fram forma han sjølv har laga for å tilpassa og forma dei mange einernaglane som han treng til båten.

-Så du har ikkje problem med å fylla fritida når du held på med dette?

-Nei, på ingen måte, seier Garnes.,

-Alle må jo skjøna at det å byggja å forma ein heilt ny Tingvikbåt med hjelp av bare øks og hammar og lokal skog frå Ryfylke, nødvendigvis må ta tid, meiner han.

-Er du litt orginal i ditt yrkesval, eller er det fleire unge som driv på med dette?

-Eg har eit bestemt inntrykk av at fleire unge får interessa opp for dette. Det synest eg er svært positivt. For det er jo ein trebåt som verkeleg er ein skikkelg båt, understerkar Garnes nok ein gong. Han meiner også at eit regelmessig vedlikehald heller ikkje tek noko lenger tid enn det å ta den årlege vårppussen på ein vanleg cabincruisar eller ein plastbåt.

 Lossjøyta "Kvitsøy" i ny drakt

Inne i den nye og store hallen til Ryfylke Trebåtbyggeri,som blei sett opp for vel eitt år sidan, har det møysommelege arbeidet med å restaurera den gamle losskøyta "Kvitsøy" frå 1930-talet så vidt byrja.

-Eit slik arbeid må sjølvsagt ta lang tid, for her skal både finansieringa vera på plass, og i tillegg skal også arbeidet kvalitetsikrast og dokumenterast undervegs i prossen, slik at ein ikkje går på akkord med det opprinnelege og avvik frå den orginale utgåva frå 1930 talet, forklarar Andreas Garnes.

,-

Men kva er drivkrafta og det interessante med å halda på med dette tolmodighetsarbeidet ,som også nødvendigvis må bli dyrt?

-Drivkrafta er å få sjå orginalutgåva av den gamle losskøyta, og andre gamle båtar som me restaurere, i ny og opprinneleg utgave og drakt. Det trur eg også er verdifullt i eit lengre framtidsperspektiv, for å ta vare på desse tradisjonane, avsluttar den unge og reflekterte båtbyggjaren frå Kvernevik.

Publisert: