Styreleiaren i Coop Finnøy, Anne Lise Kindingstad hadde ei hyggeleg melding til styreleiaren i Fleibrukshallen i dag, Arild Flesjå: Hallen får 36 700 kroner av kjøpeutbyttet i november.(Foto: Rune Nedrebø)

- Det er heilt fantastisk at me blir tildelt så mykje pengar. Dette er svært kjærkomne pengar i ei krevjande tid der utgiftene er større og inntektene mindre enn vanleg. Og i tillegg kan me gleda oss over nytt bidrag i desember. Det er vel grunn til å tru at det i alle fall ikkje blir mindre enn i november. Fleirbrukshallen er diverre ikkje i posisjon til å søka om midlar, i og med at me ikkje står i frivilligregisteret, selskapsforma er feil. Dermed har me ikkje fått drahjelp ifrå staten, så denne julegåva er me svært takksame for, seier styreleiar Arild Flesjå.