Kirsten Hellevik kom seg gjennom kreftbehandlinga med god hjelp og støtte frå mann og naboar. (Foto: Rune Nedrebø)

Av Rune Nedrebø,

Kirsten Hellevik og mannen Petter flytta til Finnøy og huset i Steinnesvåg for tre år sidan. Då hadde dei budd i mange år i Oslo, men då ungane blei vaksne og flytta ut ville ho til heimtraktene.

Dei kikka på hus mange stader, men etter å ha svelgt sjokket overdei høge prisane i Finnfast-bommen fann ho plassen ho ville ha. I det vesle byggefeltet Storehamn i Steinnesvåg,  med utsikt til heile vesthimmelen frå stoveglaset.

Her skulle dei få eit godt liv. Men 11. mars fekk ho beskjeden som snudde opp ned på det heile. Etter å ha droppa mammografien i mange år, let ho seg overtala av systera til å ta ein sjekk. Den viste at ho hadde kreft i venstre bryst med mulig spreding til lymfene.

Dagen før korona’en

-Det er ein sjokkerande beskjed å få, eg blei redd. Heldigvis hadde eg mannen min med, seier Hellevik til Øyposten.

Beskjeden fekk ho dagen før Norge stengte på grunn av korona’en.

- Det betydde at eg måtte gjennomgå behandlinga på sjukehuset åleine. Mannen min kunne ikkje vera med og støtta meg, seier Kirsten Hellevik.

Heldigvis slapp ho cellegift, og behandlinga var også «brystbevarande». Dermed slapp ho påkjenninga med å fjerna brystet. Men den psykiske påkjenninga var likevel stor.

- Det var tøft å møta på kreftavdelinga. Mange rundt deg er svært sjuke, og strålinga føregår i eit stort naken rom med bare ein hard benk under strålemaskina kor du ligg åleine med tankane dine, seier ho.

Kirsten Hellevik føler seg likevel svært godt ivaretatt, og rosar helsevesnet for rask og god behandling.

Naboar stilte opp

Kreften og strålebehandlinga betydde også at ho når var svært usett viss ho blei korona-smitta. Mannen hadde heimekontor, og saman isolerte dei seg meir eller mindre innandørs på Finnøy  i mange veker.

-Heldigvis har me gode naboar som trødde til. Dei handla for oss og ordna alt me trong. Det var til stor hjelp, seier ho.

Oppi det heile fekk ho barnebarn nummer to. Men sønnen hennar budde i Drammen,  og koma dit var umulig.

-Det var ei veldig hyggeleg oppmuntring, men det var også tungt å ikkje kunne dra for å sjå vårt nye barnebarn, tykkjer ho.

Dei skulle hatt barnedåp i april, men utsette han til hausten. Men heller ikkje det gjekk som det skulle, for like før blei broren hennar innblanda i ei stygg motorsykkelulykke og havna på sjukehus med alvorlege skader.

-2020 er eit år eg vil stryka frå kalenderen. Nå ser eg fram mot 2021 og håpar det blir bedre. Men alt i alt har eg vore heldig, og er på betringens veg, seier Kirsten Hellevik, som også meiner det er viktig å vera åpen om sjukdommen.

- Det er ein sjukdom som rammar mange, men som dei aller fleste blir friske av. Å vera åpen om sjukdommen er til stor hjelp for dei som er ramma, avsluttar ho.