FINNØY: Det kombinerte aktivitets-, friidrett- og fotballanlegget, som er er blitt eit pilotanlegg og mal for korleis mange andre skular i dag ynskjer å oppgradera gamle asfalt og grusbanar ved uteområda på skulane, nå seinast Grødem skule, har nemleg dei siste vekene fått montert opp eit heile 6 meter høgt ballfangarnett langs langsida ned mot vegen og den store bustadblokka. I tillegg er det montert opp eit like høgt ballfangarnett bak begge kortsidene mot både sørvest og i nordaust.,-Ja, dette er veldig kjærkoment og etterlengta, så eg er veldig glad for at Stavanger kommune nå brukar så mykje pengar på dette, seier driftsleiar i Stavanger natur og idrettsservice avdeling Finnøy-Rennesøy, Eirik Solbakken Christoffersen.,For eitt par år sidan blei det også laga ein liten tribune på langsida i skråninga inn mot skulen. Det gjer sitt til at det nå snart 8 år gamle skuleanlegget, som også blir svært mykje brukt etter skuletid, har fått ei ytterlegare oppgradering.