FINNØY/RENNESØY: Det er direktør for økonomi og organisasjon i Stavanger kommune, Kjartan Møller, som opplyser dette til Øyposten. Torsdag i sist veke behandla også formannskapet  "Sluttrapport for Nye Stavanger".,

-"Medgåtte dokumentert kostnader frem til årsskifte var pr.31.12.2020 , 59 millioner kroner. Det pågår fortsatt enkelte prosjekter og disse forventes ferdigstilt i løpet av 2021. Dette gjelder blant annet harmonisering av eiendomsskatt i kommunene. Kostnader utover tilskuddet på 46,1 mill. dekkes av andre statlige tilskudd og egne kommunale avsetninger, herunder reformstøtte på 33,4 mill. som ble utbetalt i 2020" ,

heiter det mellom anna i rapporten frå Stavanger kommune om korleis disponeringa av det statlege tilskotet ved kommunesamanslåinga av Finnøy, Rennesøy og Stavanger er disponert.,Dei samla stalege løyvingane i samband med samanlåingsprosessen er då på  79,5 millionar kroner.,

Bruk av eigne ressursar og tilsette

-Det var eit mål å utnytta dei ressursane me hadde. Det førte då igjen til at at andre andre arbeidsoppgåver hjå dei tilsette då gjerne blei lagt til side for ein periode. Særleg galt det ordinære arbeidsoppgaver hjå administrative leiarar og i rådmennene sin stab. Difor blei det heller ikkje kostnadsført arbeidstid/lønnskostnader i samanslåingsprossen som var knyta opp til stillingar som alt var innanfor administrasjonen i dei tre respektive kommunane, opplyser Møller.

-I heile prosessen har det blitt lagt stor vekt på å halda ressursbruken på eit moderat og kostnadseffektivt nivå. Noko me også føler at me har lukkast med, avsluttar han.

-Men kor ligg den eigentlege gevinsten i dette?

-Det er gevinsten av den utvida kompetansen og effektiviseringa på brei basis som nå heile den kommunale administrasjonen og organisasjonen blir tilført, som me nå håpar at alle kommunen sine innbyggjarar vil sjå nytteverdien av i tida framover. Me vil evalura nøye den administrative ressursbruken, og ikkje tilsette nye folk dersom me kan utnytta dei ressursane og den kompetansen me alt i dag har. Det vil vera den raude tråden i arbeidet vårt framover, avsluttar direktør for økonomi og organisasjon, Kjartan Møller.