VIKEKLEIVA, FINNØY, Kl. 08.00:

- Det er eit under at det ikje har skjedd ei dødsulukke her. Må det ei alvorleg ulukke til før noko skjer, undrar Falkeid.,

Finnøybuen joggar den farlege strekninga på veg til jobben i Falkeid Shipping på Fåholmen. I grålysninga i mørkt novembervær med regn i lufta,  har han ein risikabel joggetur framfor seg på den smale og uoversiktlege vegen.

Sjølv om han er utstyrt med skrikande gul refleksvest frå Trygg Trafikk ville den vore til lita hjelp viss det kom ein uoppmerksam bilist.

-Eg har opplevd nesten-ulukker både der borte og den vegen, seier han og peikar i begge retningar av vegen.

-Det er verst viss eg kjem midt oppi rushet og det kjem store trailarar eller mange bilar, seier Falkeid, som ikkje skjønar kvifor det ikkje blir fortgang i arbeidet med å byggja gang- og sykkelevegen.

-Kor er politikarane henne, lurerer han på.

-Det ser ikkje ut til at noko skjer før ulukka er ute for alvor, men då vil det vera for seint, avsluttar han.