Arnt Ove Rødne frå Sjernarøy fekk seg ei gledeleg overrasking på Coop Extra i dag, då butikkan runda 50 millionar i omsetting. Foto: Oddbjørg Måland.

Aldri før har har butikken omsett så mykje.,

- Og ennå er ikkje året omme. Me har dei beste vekene igjen og reknar med at omsettinga har auka med ytterlegare  5 - 6 millionar ved utgangen av året, seier dagleg leiar Svein Inge Goa.

Den heldige vinnaren bur på Sjernarøy og fortel at det berre er unntaksvis han handlar på Finnøy.

- Dette var svært overraskande og kjekt. Eg tykkjer det er imponerande at butikken har omsett for 50 millionar kroner med ein stor konkurent like oppi bakken, seier Rødne.

- Kva er grunnen til det gode resultatet?

- Heile bransjen har hatt eit godt år, men at det skulle bli så bra er kjempebra, seier Goa.

I november og desember går 1 prosent av alt som medlemmane handlar for til Fleibrukshallen som ikkje har motteke støtteordningar ifrå staten i forbindelse med korona.

- Me tykkjer det er kjekt å kunne gi tilbake til lokalsamfunnet, seier butikkleiar Anne Lise Sherling.