FINNØY/MADLA:

For Gutar 16, derimot, som i all hovudsak også er sett saman av 15 åringar, har det blitt ein tøff start på den rekordseine sesongstarten i si 2. divisjonspulje.,

Etter ein lovande start borte mot Vidar sist veke, der dei fulgte laget frå Lassa heilt til døra i ein tett og jamn kamp,måtte laget tola eit litt bittert nederlag 0-2 heime på Leikvoll tirsdag kveld mot Brodd 2.

Tapte muligheter

For laget frå Midjord var ikkje betre, enn at om heimelaget hadde kome opp på tilnerma same nivå som i opningskampen mot Vidar, ville sluttresulatet heilt sikkert blitt eit anna.

Men medan Finnøy misbrukte sine sjansar, særleg ein stor ein i 1. omgang, var Brodd langt meir effektive og resolutt framfor mål, og vant med bakgrunn i det ein fortent seier. Brodd sine mål blei scora av   Jack Henrik Sandvik (17.min) og Jaylen Bringeland Noel (77.min.)

 Måtte klara seg utan toppscoraren

Jentelaget til Finnøy måtte klara seg utan storscorar Maria Rørtveit, som var ute med strekk,då dei møtte Madla i sin bortekamp. Også det tirsdag kveld. Men i fråvær av bestevenninna i nabolaget på Reilstad, tok like godt nummer to på scoringslista, Helene Hebnes ansvar, og scora begge måla i ein tett og jamn kamp. Dette i følge trenar Øyvind Bondevik Haga.

Han rosar igjen jentene sine for ein oppofrande innsats, der kampen lenge stod og vippa, og Madla reduserte til 1-2 i 69. minutt og pressa på for utlikning. - Men me rodde seieren i land etter solid innsats, seier ein letta finnøytrenar. Dermed toppar Finnøy også tabellen i si pulje i 2. divisjon, og står med full pott etter to spelte kampar.

(Øyposten beklagar den dårlege biletkvaliten i denne saka.)