Fellingskvoten på hjort blei nådd

Tidenes første fellingsløyve på 10 stk. hjort på Finnøy blei nådd alt i første forsøk.

Atle Johan Landa og dottera Vibeke skaut den første hjorten i den første hjortejakta på Finnøy.(Foto, Privat)
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY: Som Øyposten tidlegare har omtala, så er det på grunn av ein kraftig auke i bestanden på hjort dei to-tre siste åra, at det for første gong er gitt fellingsløyve på 10 stk. hjort på Finnøy denne hausten.,

Og nå i helga vart også heile kvoten fylt opp, då dei tre siste hjortane måtte bøta med livet i skogsområda på strekninga Flesjå-Falkeid på Steinnesvåg.

Det er formannen i det lokale jaktvaldet, Kai Petter Flesjå, som opplyser dette til Øyposten i dag.

Dermed er fellingskvoten fylt opp innan fristen når jaktsesongen vert avslutta lille julaftan.

- Me var eit jaktlag på fleire grunneigarar som konsentrerte oss om dette området på strekninga Flesjå-Falkeid nå i helga, legg Kai Petter til. -Difor er me også veldig tilfreds med at me klarte å fylla kvoten, og det same har viltforvaltaren i kommunen gitt uttrykk for.

,-

Ja, er det slik at det kan bli åpna opp for hjortejakt på Finnøy også til neste år?

-Det er det for tidleg å seia noko om på det nåverande tidspunkt. Nå lyt viltforvaltninga evaluera og gå nøye gjennom dette i tida framover. Så får dei konkludera når den tid kjem. Men at det framleis er ein solid hjortestamme igjen på Finnøy, ja det er heilt sikkert. For nå i helga blei det også observert ein hjorteflokk på 10 stk. i skogane ned mot Landa, på vestsida av Finnøy, avsluttar leiaren i det nyoppretta jaktvaldet .

Publisert: