Symjehallen ved sentralskulen på Judaberg.

STÀVANGER:

Hausten 2020 starta Stavanger kommune, i samarbeid med Norges Svømmeforbund og symjeklubbane, opp pilotprosjektet SvømStavanger i Hundvåg symjehall. I løpet av 22 veker, frå 1. september 2020 til vinterferien nå i år har 250 fjerdeklassinger frå fem skular i byen fått symjeopplæringa si her.,

SvømStavanger er laga etter modell frå SvømBergen, eit  prosjekt som har vore svært vellukka og kor 80-90 prosent av elevane i Bergen har lært å symja på øverste ferdighetsnivå innan utgangen av 4. klasse.

Erfaringane med SvømStavanger er så gode at kommunedirektøren nå vil utvida prosjektet. Frå komane skuleår skal havlparten av skulane i Stavanger bli med i prosjektet. Då blir også elevane i barneskulen i Finnøy kommunedel med. Det gjeld både Finnøy, Fogn, Ombo og Sjernarøyane. Symjeopplæringa her vil bli gitt i symjehallen på Finnøy. Elevane i Rennesøy vil få tilbud om opplæring frå skuleåret 2022.

Krava til symjeopplæringen er skjerpa dei siste åra. For at elevane skal bli rekna som symjedyktige skal dei kunna falle uti på djupt vatn, svømme 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand medhendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så symja 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

Opplegget startar med tilvenning i vatn for 2.kalsse, og deretter symjeopplæring for 4. klassingane.